<< Gå tilbake til kurs

GIS og kartkunnskap i arealplanlegging

Emnet tek føre seg geografiske informasjonssystem (GIS) som planverktøy, og gir eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningsloven, med vekt på rettsverknadane av arealplanar.

Category:

Studieinnhald

Emnet gir kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS), geografiske data, kartografi og planrett. Studenten øver opp grunnleggande ferdigheiter i å hente inn og framstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy og å arbeide fram enkle kart til publikasjon.

Undervisningsmår og vurderingsordningar

Undervisinga i emnet går over eitt semester. Emnet kan gjennomførast anten som eit campusstudie og eller som eit nettstudium i læringsplattforma Canvas. Undervisinga er sett saman av nettleksjonar, labarbeid og andre studentaktive læringsformer. Det vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav. Arbeidskrava utgjer mappeeksamen. Les meir om arbeidskrav, villkår for å framstille seg til eksamen og eksamen i emneplanen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide med arealplanfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å studere vidare i eit planorientert masterstudium hos oss ved HVO eller ved annan institusjon.

Organisering

Søknadsperiode 01.02.2024.
Deltid

Varighet og omfang

10 studiepoeng.